Alle desse livserfaringane, observasjonane og tankerekkene har leidd meg fram til dette spørsmålet: Er myten om avindustrialisering ei feiltolking av ein faktisk, tredje industriell revolusjon? Førte elektronikken til endå større og meir grunnleggande omformingar av samfunnet etter 1975 enn det mekanikken gjorde frå rundt 1800 og elektrisiteten gjorde frå 1900?
Dei tre industrielle revolusjonane;
«Det gir
meining», seier Kjetil Gjølme Andersen på Norsk Teknisk
Museum. Og så tenkjer han høgt om skifte av fokus – frå
produksjon til innovasjon. Det skjedde eit teknologisk sprang.
Datamaskinane vart «general purpose-maskinar» – dei endra
tilhøvet radikalt mellom store og små verksemder. Det var ikkje
lenger ein føresetnad å vere stor eller gigantisk for å vere
effektiv. Det store symbolet vart samanbrotet av Detroit – på få
år endra den mest vellukka amerikanske industribyen seg til nærast
ein spøkjelsesby. Det store industrielle konglomeratet si tid vart
avløyst av den nedtrimma verksemda som fokuserte på kjerneverksemda
si og sette ut alt anna. Det økonomiske regimet braut òg saman. Det
vart stagflasjon – inflasjon og nullvekst på same tid.
Keynesianismen og motkonjunkturpolitikken verka ikkje lenger, og
ingen forstod kvifor. Teknologien opna for ei ny globalisering, både
av produksjon, informasjon og handel. Det opna òg for slike fenomen
som at Hydro sin moderne magnesiumfabrikk på Herøya vart
utkonkurrert av små, primitive kinesiske bakgardsprodusentar som
verken tenkte løner eller miljø. Og så alle dei politiske
konsekvensane …Eg er ikkje sikker
på om denne «tre-trinns-teorien» var sjølvsagt for Kjetil Gjølme
Andersen, eller om det var ein ny måte å veve saman
utviklingslinene i forteljinga om vår tid. Men for meg vart i alle
fall samtalen ei stadfesting på nett det han sa: Det gir meining.
Den elektroniske revolusjonen
Datamaskinane
løyste ut eit sprang i produktivkreftene si utvikling som ingen
kunne ane omfanget av då det sette i gang (knapt nok i dag). Dei tok
i prinsippet bort alt arbeid som reduserte menneske til
maskinvedheng. I nokre bransjar kan det sjå ut som at produksjonen
har «flytta til lågkostland» i staden for å bli robotisert, men
det trur eg berre er førebels. For det fyrste ser me alt no at dei
landa som vart ny-industrialiserte (NIC-landa) på denne måten,
raskt utviklar seg til å bli «høgkostland». Og for det andre er
det berre eit tidsspørsmål før ny teknologi også når fram til
bransjar der innovasjon vert hemma av låge løner – eit godt
eksempel der er sveiserobotane i Ulsteinvik.
Men det
industrielle arbeidet har ikkje blitt borte. Robotiseringa har flytta
tyngda av det menneskelege arbeidet frå sjølve fabrikken til dei
prosessane som går før og etter sjølve produksjonen. Idéutvikling,
design, planlegging og logistikk syg til seg arbeid før sjølve
fabrikkproduksjonen. Og etter robotarbeidet svulmar arbeidet
med produktutvikling, vidareforedling, oppdatering og tilpassing og
dokumentasjon, integrering med andre produksjonsliner og endå meir
logistikk og utvikling og tilpassing før produkta kan seljast som
forbruksvarer.
Slik har det gått
seg i alle bransjar. Tempoet er ulikt, og omvegane er ulike – men
retninga er den same. Og gjennomsnittstempoet er høgare enn i nokon
tidlegare endringsprosess i menneska si historie. Den digitale
revolusjonen har ikkje berre gjort heile verda til ein samanhengande
produksjonshall – han har også globalisert tenkinga. Frå ein
person har ropt «Eureka!» ein stad på kloden til ein annan har
teke ideen i bruk, kan det gå timar eller berre minutt, der det før
tok generasjonar. Før produksjonsautomaten er klar til å
masseprodusere eit banebrytande nytt produkt, er eit anna, betre og
billegare klart på eit teiknebrett ein stad i verda.
Kommersialismen
Der er eit anna trekk ved dette som eg
trur lett kan mistolkast som «avindustrialisering»: Den veldige
auken i produksjonskapasitet har ført til eit skifte av fokus.
Hovudutfordringa for industrien er ikkje lenger å produsere mest
mogleg. Det er å selje. Telefonmarknaden er eit godt
eksempel: Der var ventelister på fasttelefonar til langt utpå
1980-talet. Men alt frå midten av 1990-talet kunne folk få telefon
på dagen, både fast og mobil, spørsmålet var berre om dei ville
ha Nokia eller Ericsson. På felt etter felt er
produksjonskapasiteten blitt så høg at spørsmålet ikkje er om
folk kan få tak i ei vare, men kva for ein variant. Heller enn å
produsere mest mogleg handlar industriutvikling om å produsere
nærast mogleg det som kan seljast. «Just in time» - verken for
mykje eller for lite.
Slik har vitskapar og teknologiar som
handlar om å måle marknads- og kjøpetrendar frå minutt til minutt
fått, eit veldig oppsving. Det same har robotteknologiar som kan
«skreddarsy» masseproduserte varer. No er det ganske vanleg at
tilverkinga av ei vare ikkje startar før kjøparen har gjort sine
val mellom designmalar på eit varehus på andre sida av jorda. Lager
er ulønsamt, risikabelt – og ikkje naudsynt.
Merkevarebygging er industri, sjølv om
det ved fyrste augekast ser ut til å ha lite med produksjon å
gjere. Det er ikkje teknologi som gjer Coca-Cola større enn
Berentsens Brygghus i Egersund, men båe er industri. App Store og
Eplehuset er greiner på Apple-treet som det er meiningslaust å dele
opp som «industri» og «tenesteyting». Normal organisering er på
same måten i bilindustri, møbelindustri, bygningsindustri og stort
sett kva det skal vere.
Kjøpesentraene er sjølve industri. Etter kvart som holkort- og
nyare datamaskinar kom i bruk der, minka behovet for folk til å
telje og kontrollere lager og leveransar. I prinsippet vart det
mogleg å organisere butikkane som industrielle prosessar, der
straumar inn og ut kunne målast og regulerast frå time til time i
eit «kontrollrom». Ei relativt lita og einsarta gruppe tilsette
kunne drive store vareomsetjingar nærast døgnet rundt utan eigarar
eller kontrollørar til stades.
På mindre enn eit tiår frå ca. 1975 forsvann så å seie kvar
einaste småbutikk med lokal eigar og nokre få tilsette (gjerne
familiemedlemmer). Det vart umogleg for dei å overleve i konkurranse
med stadig større kjeder og kjøpesenter med dataassistert
stordrift. Varehandelen vart industrialisert.
Dei aller fleste som arbeider i handelsnæringane i dag,
er tilsette arbeidarar i alle tydingar av ordet: Den tida dei bruker
på repeterande fysisk arbeid – lemping, stapling, flytting og
bering – er redusert av industriell logistikk. I staden bruker dei
det meste av tida til kjernearbeidet: Å selje. Dei sit i meir eller
mindre heilautomatiske kasser og tek imot pengar, eller dei snakkar
med folk, fortel historier om produkta dei skal selje – og fyller
ut den informasjonen datasystemet skal ha når salet er gjort.
Så godt som alt dei sel er industrivarer. Eg har store
problem med å tenkje meg fram til eit einaste produkt i eit
kjøpesenter som ikkje er kome ut av ein industriell prosess. Det
gjeld også jordbruksvarene: Varer som kjedene kjøper inn, kjem alle
frå «sikre leverandørar» med industrialiserte produksjonsliner.
Det er slikt som skaper komikken i påstandar som at
«no lever me av handel, ikkje industri».
Globaliseringa
Industrien har i
prinsippet løyst mangelproblemet for menneskeslekta. Sjølv om
folketalet har auka langt utover det dei gamle trudde Jorda kunne
brødfø, er svolt og naud i tilbakegang. Visjonen om å utrydde
absolutt fattigdom er ikkje lenger berre ein draum.
Det betyr ikkje at
ulikskapane er blitt
mindre, tvert om. Ny-liberalarane si tru på rikfolk sin handlefridom
og grådigheita si progressive kraft, har ført til ein generasjon
med aukande forskjellar – verst i dei mest «liberale» landa.
Dette er så openbert stupid at eg ikkje gidd skrive om det. Les boka
til Thomas Piketty som kjem på norsk om lag på same tid som denne,
så kan eg heller bruke plassen på noko som folk kan hende er usamde
med meg om:
Eg meiner at flyttinga av
utdatert industri til lågkostland er eit gode for verda og for
såkalla lågkostland. For land som Noreg er det ein risikosport.
Ulikskapane i verda er den
viktigaste årsaka til flyttinga. Kommunikasjon og transport er blitt
så billeg at lågkostland vinn kampen om industriar der
arbeidslønene er ein stor del av kostnadene – så som
tekstilindustri, skrogproduksjon og samansetjing av elektronikk –
eller magnesiumproduksjon.
Det ser ikkje alltid fint
ut, samanlikna med den robotiserte industrien «hos oss». Det luktar
ofte vondt og høyrest fælt, det forureinar minst like ille som det
gjorde her då det var nytt, og folk vert hundsa minst like ille med
som europeiske arbeidarar vart for ikkje så lenge sidan.
Men for dei fleste som
arbeider i dei nyindustrialiserte landa, er arbeidsplassane eit
framsteg, for dei samanliknar med si eiga historie, ikkje med vår.
Og dei framsynte mellom dei veit godt at utviklinga ikkje kjem til å
stanse der ho er no.
Eg trur Erik S. Reinert
har funne heilt korrekt svar på spørsmålet frå den peruanske
søppelfyllinga: Det er graden av industrialisering som avgjer prisen
på arbeidskraft i eit land. Meir industri betyr fleire arbeidarar og
større pengeøkonomi. Det får fylgje av veksel- og ringverknader
som dreg ikkje-industrielle sektorar med seg. Etter kvart vil
ny-industrialiserte land miste konkurransefortrinnet med dei låge
kostnadene. Men i staden får dei andre og meir verdfulle fortrinn:
Meir kunnskap, meir kreativitet, meir moderne organisasjon – og
meir eigen kapital. Det viktigaste er ikkje pengane, men
kunnskapsakkumulasjonen som startar når eit land knekker den
industrielle koden. Industri fører til innovasjon, auka
produktivitet, nye teknologiar og ny innovasjon i stadig nye sirklar.
Når industrialiseringa
fyrst har teke tak, har lågkostland eit relativt kortvarig fortrinn,
for utviklinga går fortare og fortare. Me har sett det i Spania,
Irland, Baltikum – og me ser det i Korea, Brasil, India og Kina.
Verda endrar seg raskt.
Eg trur Kjersti Kleven har
heilt rett i at om ikkje norsk maritim industri hentar heim att
skrogproduksjonen, vil innovasjons-, design- og konstruksjonsarbeidet
fylgje etter til land som tidlegare hadde låge løner, men som snart
vil ha like høg og høgare kompetanse enn me.
Det manuelle, tunge,
uproduktive og forureinande arbeidet er like gamaldags i lågkostland
som her, det same er dei hierarkiske og autoritære arbeids- og
maktstrukturane som fylgjer med det. Dei er på veg mot tekniske
museum i Kina og Tanzania òg, me er berre litt lenger framme i
løypa. Så lenge det varer.
Verdsbanken og WTO
sine (nyliberale) politiske krav om at ikkje-industrialiserte land
skal opne for frihandel og late vere å verne eigen industri, er ein
politikk for å lenke dei til fattigdomen. Eg har ikkje registrert at
eit einaste land har hatt nytte av det. Men så vidt eg kan sjå, har
hjula bokstaveleg teke til å gå rundt i alle dei landa som har gått
sine eigne vegar.
Det har ikkje vore gratis: Det har
mellom anna hatt øydeleggande ringverknader på tradisjonell kultur
og næring, neddemming og nedbygging av dyrkbar mark, flukt frå
landsbygda og planlaus urbanisering. Men på rekordtid – ein
generasjon eller to – har det eine landet etter det andre teke
steget heilt opp i tet: Kina er på veg til å bli ei supermakt,
Brasil, Indonesia, Korea, Malaysia er blitt økonomiske stormakter.
Til Kapitel 6