Eg skulle gjerne lært meg Sanskrit. Det virkar som eit språkleg operativsystem som ligg i botnen av den menneskelege tenkinga slik den har utvikla seg i India, Midt-Austen og Europa. Eg strevar med å forstå systematikkene i Nyaya - den hinduistiske erkjenningsfilosofien - i dag. Men det er bort imot umogleg når eg tenkjer med basis i norsk språk. Eg er redd at me rett og slett har vore så få og så like på ein annan så lenge her i landet, at språket vårt har teke skade av det. Eg skulle ynskje at eg hadde sett dette før - for no ser det uoverkommeleg ut å løyse problemet gjennom å lære Sanskrit. Lite von ville det vel og ha vore om å finne noko diskusjonsforum for prøving av erkjenningane om eg hadde vore yngre og hatt tida. Kva kan eg då gjere? |
Frå dag til dag >