7-1-13: Det er jo slik den breie mediastraumen fungerer: Ein lagar ikkje TVdokumentarar om god vilje no til dags, ein lagar om det som må ligge bak. Alt i introen ser me at pengar var kasta for vind og straumdrag til inga nytte - og me får høyre at utviklingshjelp er bortkasta ganske tidlig. Fyrste del av dokumentarserien (mandag 7/1) hadde gode bilete men dårlig manus. Den terpa opp att på gamle historier om mislukka bistandsprosjekt - og den synte Ingar Kvia som ein naiv jærbu med stort hjarta og små tankar - ikkje minst om afrikanarar sine emner til å klare seg sjølv. Konklusjonen av fyrste episode var eintydig slik: U tviklingshjelp er noko blåøygde naivistar driv med i rein eigeninteresse - den kan kuttast, og folk kan ha det beste samfit for å meine det. Eg reknar med at FrP jublar. Men eg skal sjå dei andre episodane og - for å sjå om det kjem fleire vinklar inn. Bjørn |
Frå dag til dag >