19 engaserte menneskje var samla fredag 17/4 for å konkludere ein omfattande idéutviklingsprosess om eit webmedium og ein serie fjornsynsprogrm som har arbeidstittelen "Psyken" eller "Psyken vår". Det skal bli ei forteljing i åtte delar, laga for primær-målgruppe ungdom 12-16. Idéprosessen har involvert terapeutar og forskarar knytta til Abup, og kunstnarar / mediefolk utanfrå. Kulturstiftinga Cultiva har og vore med i idéprosessen, og 27 april tek styret der stilling til om stiftinga også skal involvere seg økonomisk. Kjem finansiering på poass, er ambisjonen å få produsert ut heile programrekka innanfor 2015. Mi rolle har vore å drive idéprosessen framover. Eg vonar og å få ei rolle å spele i utviklinga av manus for prosjektet. Ta kontakt om du vil vite meir og / eller har innspel! |
Frå dag til dag >