I morgon (tysdag 12/11 kl 19) skal eg
lansere romanen "Til minne om Linda" på Stiftelsen Arkivet i
Kristiansand. Forteljinga er "ein kollektivroman om oss sjølve". Handlinga er oppdikta og liknar ikkje på 22/7. Men ambisjonen min har vore å lage "ei tredimensjonal simulering av det verkelege" for å forsøke å fatte postmoderne terrorisme. Eg føler sjølv at metoden har fungert. Eg meiner at det vart tydelegare å sjå at sjølve terroristen sin abnormitet (berre) er den eine sida av forklaringsrekka. Det er (også) viktig å diskutere "kjedereaksjonar" innanfor normaliteten: Det at han var "ein av oss" gjer det naudsynt å diskutere kva det er med "oss". I lanseringsforedraget kjem eg til å hevde
Dette ar politiske spørsmål i større grad enn litterære. |
Frå dag til dag >