Det er med den daglege blogginga som med oppvasken: Eg skulle jo vore meir aktiv både på Twitter og Facebook og i bloggen min. Men eg får ein slags prestasjonsangst kvar gong. Den tar dugaleg feil som trur at det tek kortare tid å skrive 140 teikn enn 1000! Men her - på mi eiga side - her kan eg tillate med å spytte rett ut om kva som surrar oppi hovudet mitt - frå dag til dag. Det er jo ingen som er nøydde til å lese det - men vi du ha en gløtt inn til meg så velkomen og værsågod!! |
Frå dag til dag
"Til minne om Linda" lever sitt liv...
Bloggforteljinga eg publiserte i 2013 lever eit liv på nett: Heile forteljinga ligg ute som blogg på adressa http://bloggforteling.blogspot.com. Eg ser av statistikken at det stadig er ein og annan innom og les - bloggen passerer snart 30.000 oppslag. Sjølv meiner eg at forteljinga er aktualisert av hendingane etter 2010, og at hovudpåstanden er aktuell som aldri før: Terror i denne samfunnsfasen må analyserast som "kjedereaksjonar" på nedbygginga av dei gamle, hierarkiske samfunns-, økonomi- og kulturformasjonane. Historisk sett er avviklinga av hierarkiet eit frqamsteg, eit stort skritt på det Marx kalla vegen frå naudsynet til fridomens rike. Men alle framsteg utløyser reaksjon, og dei reaksjonære kreftene er ikkje berre gamle maktmenneskje som tapar posisjon - det er også mange av dei "små" som leitar febrilsk etter nye pyramidar å klatra eit trinn eller to i. Finn dei ikkje reellt eksisterande pyramidar, så er det freistande å laga seg virtuelle. Som til dømes ei "motstandsrørsle" mot ein "muslimsk invasjon" eller andre konspirasjonar. Donald Trump er ein versjon av forteljingas Kent Karlsen, og ein like typisk del av desse reaksjonære kreftene som IS er det. Me får sjå om mi forteljing etter kvart kan gjera nytte som eit diskusjonsinnlegg i den store samtalen om kva det eigentleg er som hender i verda nett no. OBS: Det hasr fram til no eksistert to snarvegar til bloggforteljinga, to kortare domenenamn. Beggfe desse har eg sagt opp, slik at det no berre er adressa bloggfortelling.blogspot.com som gjeld. Eg har også laga til loggforteljing.enes.no fgor å kompensera for dei to som no sluttar å virka: bloggforteljing.no og Bloggfortelling.no |
26/5-16: No startar bygginga av Memoar for alvor
Frå stiftinga i juli 2015 og fram til mai 2016, har arbeidet med å bygge Memoar fyrst og fremst vore ei lita gruppe sitt strev. Men frå 26. mai tek den meir systematiske bygginga av ein medlemsorganisasjon til. Då startar me det fyrste kurset i minnesamling med video. Ambisjonen er at det skal kome eit eller fleire minnesamlingsprosjekt ut av kurset: Ikkje berre som idé, men som konkret arbeid. Det er plass til ti stykker på fyrste kursbolk - i skrivande stund (laurdag 21. mai) er der ennå ledige plassar. Heile kursopplegget er presentert her: http://kurs.memoar.no |
25/2: Vellukka avslutting på industri-forprosjektet
Det gjekk over all forventing då seks av dei som har vore intervjua i forprosjektet Industri.Memoar.no og eg "mimra" i lag med publikum til stade i Kristiansand bibliotek. Eg hadde skrive ein introduksjonstekst som Fædrelandsvennen publiserte . sjå her - og folk strøymde til møtet. Det skal ha vore rundt to hundre i salen. Svært mange av dei var jo gamle nikkelverksfolk, men det var og ein del andre. Fædrelandsvennen laga eit godt referat - det sto på trykk nokre dagar seinare. |
29/1-16: Godt og gammaldags moderne teater
Dagen etter premieren på Tore Vagn Lid sin produksjon "Vår ære og vår makt", vart eg sitjande ved tastaturet og reflektere. "Fyrste gong eg opplevde slikt teater må ha vore i 1967. Eg reiste heilt til Århus for å oppleve det. Eg hugsar verken tittel eller innhald, berre dette spennande brotet med tradisjonane. Seinare kom det - kom eg, i alle fall - til ABCteateret i Oslo - og så vart det vanleg. Og som alt anna her i verda, så vart det vanlege kopiert og banalisert og karikert så langt at det kjentes som epokeskapande nytt og frigjerande då navlen på ny vart fokus på alle scenar..... - Eg publiserte heile refleksjonen i bloggen min. |
26/1-16: Ein ny måte å utvikle jubileumsforteljingar
Det er vanskane med å finne "normal" finansiering til Memoar som har sett meg på ideen å lansere ein ny måte å utvikle jubileumsforteljingar på. Ideen er rett og slett å kombinere minneopptak på video med det eg for min del kan best: Å skrive forteljingar. Ved å tenkje digitalt og interaktivt heilt frå starten av, kan truleg eit "multimedieprodukt" utviklast og skapast innanfor same kostnadsramme som eit tradisjonelt bokprosjekt. Det vil seie at jubilanten kan lansere både ei bok (på papir eller E-bok) og ei nettside med djupintervju med hovudkjeldene til boka. Eg har forsøkt å forklare prosessen her: https://docs.google.com/presentation/d/1MZKme-mNma2z_bfY_n7fCrz4Kj6Y68Rf4GZ4IAxCaHY/pub?start=false&loop=false&delayms=3000 |
30/11: Grigoriy Yeremanlov er gått bort
23/11: Inga løyving til "Psyken vår" frå Extrastiftinga
i dag fordelte Extrastiftinga i alt 235 millionar kroner til arbeid for førebygging og rehablitering. Frå før har dette vore ei vitkig kjelde for finansiering også av kultur/helseprosjekt, og mange helsedokumentarar har vore finansiert den vegen. Noko har gått til slikt arbeid også i 2015 - mellom anna har Sanden Media i Kristiansand fått midler til å lage TVserien "Jeg setter meg snart" i samarbeid med Norges Handikapforbund. Men "Psyken vår" - der eg har laga manus, fekk ikkje pengar. Det vert ei miniutgåve av serien likevel, for Cultiva har alt løyvd midler til å starte opp prosjektet. Det var likevel svært nedslåande at me heller ikkje i år klarte å få forklart dette prosjektet godt nok til å begeistre dei som vel ut prosjekt. Oversynet over løyvingr frå stiftinga er her: https://www.dropbox.com/s/a1lrq3zoppx93s3/Prosjekter%202015.pdf?dl=0 |
18/10-15: Prøve på minneopptak med publikum
Memoar og Sjøfartsmuseet i Bergen gjennomførte eit vellukka eksperiment med minneopptak med publikum til stade den 18. oktober 2015. Tre minneopptak vart gjort. I løpet av veka som fylgde vart redigerte opptak levert til forteljarane, og alle tre bestemte seg for å dele oppta. Dei kan finnast her: Http://Sjofart.Memoar.no I løpet av dagane og før og den fyrste veka ette forsøket, sa eit titall sjøfartsveteranar seg interesserte i å gjennomføre liknande opptak. Memoar og Sjøfartsmuseet startar drøftingar om eit meir langsiktig samarbeid både om gjennomføring, publisering of finansiering av arbeidet. |
13/10-15: Forprosjekt om industriminne er godt i gang
13/10 sa styret i Nikkelverkets Arbeiderforening i Kristiansand ja til å vere pilotforeining i eit eksperiment på engasjering av frivillige i minneinnsamling på vidoe om endringane i industrien i tiåra rundt 1975, då eit hundreår med jamn vekst i registrert industrisysselsetjing brått snudde til nedgang. Prosjektframdrifta kan fylgjast på organisasjonsside http://vendepunkt1975.memoar.org Etterkvar som minneopptak vert publisert, vil dei bli å finne her: http://industri.memoar.no |
15/9-15: "Angsten tok kontroll" er tilgjengeleg på nett
Den eine av filmane i prosjektet "Film mot angst" er no tilgjengeleg på Vimeo. Det er ei forteljing om kofrleis Sander S. vann attende kontrollen over livet sitt, etter at angst hadde sett han fullstendig ut av spel. Filmen er og ei forteljing om ambulant behandling og engasjering av nettverk rundt unge som slit. Eg har hatt ansvar for idé, manus, intervju og finansieringsarbeidet for denne filmen. Produksjonsselskap har vore Dokufilm. Finansieringa har i all hovudsak kome frå Extrastiftelsen Samarbeidspartnarar har vore Mental Helse og Avdeling for born og unge si psykiske helse (Abup) ved Sørlandet sykehus |
1-10 of 66