BLOGGFORTELJINGA ER BLITT PAPIRBOK Romanen "Til minne om Linda" er ei forteljing om ein kjedereaksjon av haldningar og hendingar som skakar opp ein by gjennom tre vinterveker.
"Eg"-personen i boka avslører tidleg at han har laga forteljinga som ei slags «tre-dimensjonal modellering av det verkelege», for at han skal klare å forstå dei fryktelege hendingane som utspant seg. Mot slutten av forteljinga kan han ikkje kome unna spørsmålet om si eiga medskuld.. I mai 2013 valde eg å starte publisering av romanen som framhaldsforteljing i bloggformat. Den vart publisert med eitt avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag i perioden 29. mai til 23. desember 2014 på adressa www.bloggforteljing.no. Der ligg teksten framleis. I august 2013 bestemte eg meg for at eg også ville distribuere henne i papirformat. Lanseringa var i november 2013. Eg har berre registrert to omtalar - sjå "Slakt i Fædrelandsvennen" og kommentar frå Simon Andrewes. Boka kan kjøpast i dei fleste nettbokhandlar, tingast i andre bokhandlar eller kjøpast direkte frå bjorn@enes.no ISBN 978-82-92712-94-8. Sidetal: 472. Hft. Tilrådd pris: 300,- Meir om innhaldet i forteljinga: Bloggar: Under og etter arbeidet med romanen har eg publisert fleire bloggar om problemstillingane eg har arbeidd med i bokprosjektet. Snarveg til bloggen er http://blog.enes.no Dei viktigaste bloggane er: Foredrag - debatt: Eg tek gjerne mot invitasjon til å framføre foredrag og / eller ta del i debatt om boka og problemstillingane i den. Forteljinga kan også lesast i feltet nedanfor. |
www.enes.no >