Eg har valt å publisere denne romanen sjølv i staden for å samarbeide med ein forlagsredaksjon og deira salsapparat.
Det er fire grunnar til det:
- Eg er svært utålmodig etter å få forteljinga ut til eit publikum. Eg meiner ho er viktig, og eg orkar ikkje sjå henne støve ned i innboksen til overabeidde forlagskonsulentar.
- Eg har råd til det, eg skaffa fram både tida til å skrive og pengane til trykk og binding ved å legge bort alt anna. Risiko er for meg at forteljinga ikkje kjem fram til dei ho er meint for.
- Det kjens friare. Der er ingen mellom meg og den som les, ingen børs, ingen katedral, ingen mytologi. Det kjens nærare den naturlege måten å fortelje på, samtalemåten Vegen attende frå lesaren kjens og opnare, enklare, meir rett fram.
- Inntekter på boka er for meg ei von om fridom til å skrive meir. Forteljinga sjølv er målet. Men om lesarane spreier ord om henne, svarar dei og på forlagskonsulentane sitt hovudspørsmål: Fins ein marknad for dette?
Eg venta åtte veker på at det fyrste forlaget skulle vurdere om dei ville publisere boka.
Så snudde eg køen: Eg bestemte meg for å publisere ei ”beta-utgåve” i eit avgrensa opplag gjennom oppdragstenesta Kolofon Forlag. Etter planen kjem boka i handelen frå august 2013.
(Bokforlag som måtte vere interesserte i å publisere ei offisiell utgåve kan ta kontakt på epost eller telefon, så vil eg love å svare innan tre til åtte veker.)
Samstundes bestemte eg meg for å publisere forteljinga som framhaldsforteljing i bloggformat. Det vert gratis for lesarane. For meg vert bloggforteljinga eit mål på om "Til minne om Linda" treff dei ho er meint for.
Papirutgåva kjem i handelen frå august 2013 - bestill her
Skriv til meg her: bjorn@enes.no
|