Kurset går over ti kveldar med tre timar kvar kveld.
Kveld 1:
1. Presentasjon av målsettingar, kursleiarar og kursdeltakarane.
2. Nettalderen sine forteljingsformer: Bok / e-bok, blogg, facebookside, lydopptak, videointervju.
Til gjennomtanke: Kvar deltakar tenkjer gjennom eigne ambisjonar.
Kveld 2:
1. Deltakarane sine ambisjonar.
2. Kva er målgruppa interessert i å høyre om?
Til ”heimearbeid”: Planlegg – skriv helst – ei forteljing.
Kveld 3:
1. Framføring av forteljingar.
2. Blogg- og sosiale media.
Til heimearbeid: skriv – publiser helst – ei forteljing.
Kveld 4:
1. Framføring av forteljingar.
2. Bilete fortel meir enn tusen ord
Til heimearbeid: finne bilete
Kveld 4:
1. Digitalisering og drøfting av bilete.
2. Korleis bilete og forteljing heng saman.
Til heimearbeid: Planlegg ei forteljing til eit bilete.
Kveld 5.
1. Framføring og drøfting av forteljingar med bilete.
2. Store og små hendingar – kva bør ei livsforteljing innehalde?
Til heimearbeid: Planlegg innhaldslista for ferdig verk.
Kveld 6:
1. Drøfting av innhaldslister – planlegging av dei fire siste kveldane.
2. Oppvekstforteljing – foreldre og sysken – lokalmiljø – skule og læretid - arbeidsliv – born og omsorgsoppgåver – helseliv – tidsbilete – lokalsamfunn – store hendingar – økonomi og praktisk liv – meiningar – frivillig arbeid – eller …?
Til heimearbeid: Skriv eller planlegg
Kveld 7.
1. Forteljingar frå tema 1 (for eksempel oppvekstforteljingar)
2. Trulaus hukommelse: Om å kryssjekke med andre kjelder
Til heimearbeid: Finne / planlegge / skaffe eigne referansekjelder.
Kveld 8.
1. Forteljingar frå tema 2 (for eksempel tidsbilete 50-tal / 60-tal / 70-tal)
2. Særtrekk ved videoforteljinga
Til heimearbeid: Førebuing av videoforteljing
Kveld 9.
1. Forteljingar frå tema 3. (for eksempel arbeidshistorie)
2. Planlegging av avsluttingsarrangement
Til heimearbeid: Førebuing av avslutningarrangement
Kveld 10:
1. Opent Kveldsarrangement – arbeidstitel ”Forteljarkunst i nettalderen”
- Kort innleing om ambisjonen om å samle fyrstehånds forteljingar i ein base.
- Serie munnleg framførte eller oppleste forteljingar
- Presentasjon av bloggar, facebooksider og intervju som er komne ut av kurset.
- Uformelt samvær – med ordet fritt.
- Avslutning med diplomutdeling
Ta kontakt for å diskutere kursarrangement nærare! - bjorn@enes.no - Tlf 41516745