in veg inn i fjernsyns- og filmverda tok til med Internett: Me var ein gjeng dataentusiastar på gamle Falconbridge Nikkelverk, me arbeidde med elektronisk styring i arbeidstida og me skaffa oss "personlege datamaskinar" lenge før det var normalt mellom vanlege folk. Då me kunne koble maskinane våre saman over telefonnettet var me komne til himmelen - heilt til telefonrekninga kom. Då gjekk turen heller motsett veg....
Men så ein dag kom formannen i PCklubben og sa at han hadde høyrt om noko som heitte Internett. Det var noko som gjorde at ein kunne ringe til datamaskinar i USA for same pris som til Iveland!
Sia gjekk det fort. Eg vart journalist - og ganske snart gjekk det opp for meg at Internett kom til å utvikle seg fram til eit bilet- og filmmedium, då bestemte eg meg for at eg ville lære å fortelje med levande bilete.
Fyrst gjorde eg det i lokalTV. Eg var med å bygge opp Fædrelandsvennen sitt dotterselskap TV Sør, fyrst som programleiar i magasinet "Enes på fredag", seinare som reporter, magasinprodusent og utviklar.
Sist i 2002 gjekk eg over i frilansarbeid i kontorfellesskap med Frode Vestad og hans selskap Dokufilm AS. Sidan har me helde fram med eit nært og spanande samarbeid, sjølv om eg og har arbeidd med andre fotografar / regissørar / produsentar frå tid til annan.
Andre produksjonar Frode Vestad og eg har samarbeidd om:
År | Filmtitel | Sjanger | Min rolle | 2001 | To elver - en film om samarbeid mellom lokalsamfunn i Norge og Latvia | TV-dokumentar | Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2003 | Tåkelursonaten - musikkdokumentar med Terje Rypdal | TV-dokumentar | Intervju | 2004 | Om revmatiske betennelser - en serie pilotproduksjoner for Helsefilm | Helsefilm | Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2005 | Russerfangene - om hva som skjedde med de sovjetiske fangene i Norge | TV-dokumentar | Idé, research, manus, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2008 | Tapt virkelighet - samtaler om psykoser | Helsefilm | Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2009 | Fortid(d) - om komplekse traumer | Helsefilm | Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2010 | Bipolare lidelser - type 1 | Helsefilm | Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2011 | Tvangstanker og ritualer - samtaler om Obsessive Compulsive Disorder | Helsefilm | | 2011 | En Lasarus - om tapere og vinnere i en medisinsk revolusjon | Helsedokumentar | Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan | 2011 | Dømt til å leve - portrett av Auschwitzoverleveren Edith Notovicz | TV-dokumentar | Idé, research, manus, intervju. | 2015 | "Angsten tok kontroll" - om oppsøkande behandling, nettverksarbeid og tidleg intervensjon i arbeidet mot angst mellom unge | Helsedokumentar | Ide, research, manus, finansiering, prod.plan, intervju og red.plan | 2015 | "Angsten for et helt alminnelig liv" - om unge voksne og prestasjonsangst | Helsedokumentar, samfunnsdokum. | Idé, research, manus, intervju, finansiering. | 2015 | "Psyken vår" - TVserie for ungdom om psyken si utvikling frå vogge til alderdom. | TVmagasin | Manus |
|